BLI FRIVILLIG

Bli frivillig på Fjørarock 2025!

Har du lyst til å vere med og skape magiske musikkopplevingar i Fjørao? Fjørarock kan ikkje gjennomførast utan våre fantastiske frivillige – det er dikka som sørgjer for at festivalen blir ein suksess! Som frivillig får du ikkje berre oppleve festivalstemninga frå innsida, men òg bli ein del av eit engasjert og inkluderande fellesskap.

Me treng frivillige til ulike oppgåver både før, under og etter festivalen. Alle som bidreg får gode fordelar som takk for innsatsen! Du treng ikkje å ha erfaring frå festivalarbeid, men eit smittande godt humør – anten sola skin eller regnet piskar sidelengs – set me stor pris på. Me forventar at du møter opp til avtalt tid og bidreg så godt du kan gjennom skiftet ditt. Til gjengjeld garanterer me deg ei kjekk festivaloppleving, fantastisk musikk, god mat og stor takksemd!!

Frivillig som enkeltperson

Som frivillig kan du bidra på fleire område. Du kan velje ønskje i skjemaet under, og om du kan bidra innanfor fleire oppgåver, skriv du inn 1. og 2. prioritet.

📌 Aldersgrense: 18 år.

Her er rollene me treng frivillige til, med ei kort beskriving av oppgåvene. Du vil få meir informasjon dersom du blir med i frivilliggjengen, og opplæring blir gitt i forkant av festivalen. Kor mange timar ein frivillig må jobbe, varierer ut frå type oppgåve.

Roller og oppgåver

🎭 “Skjenkar”

  • Servering av mat og drikke 

  • Betene betalingsterminalen, rydde og fylle på varer i baren

🌱 “Miljøansvarleg”

  • Plukke bos på festivalområdet

  • Vaske toalett, fjerne boss og fylle på baderomsartiklar

🛠 “Potet”

  • Vera tilgjengeleg for førefallande og nødvendige oppgåver gjennom festivalen

  • Følgje opp og hjelpe andre frivillige

  • Betene merchandise-standen (inkl. band-merch), vere serviceinnstilt og handtere betalingsterminalen

  • Passe på frivilligrommet

  • Port- og innsleppsvakt (merk: profesjonelle vektarar har hovudansvaret for vakthald)

  • Gjennomføre enkelt vedlikehald av festivalområdet

  • Generell støtte til festivalteamet

Fordelar for skjenkarar, miljøansvarlege og potetene:

  • 🎟 Gratis pass:

    • Jobbar du fredag, får du gratis dagspass laurdag.

    • Jobbar du laurdag, får du gratis dagspass fredag.

  • 🥗 God mat og drikke når du er på jobb

  • Tilgang til chill stemning i frivilligrommet når du har pause

  • 👕 Fjørarock crew t-skjorte

  • 🎉 Frivilligfest: Etter festivalen samlast vi for å feire oss sjølve! (Merk deg datoen: fredag 30. mai)

  • 🤝 Fellesskap og nettverksbygging med andre kule frivillige

📝 Referanse / attest for godt arbeid sendast ut etter festivalen

Riggarar

📅 Tidspunkt:

  • Opprigging: Onsdag 21. mai (kveld) og torsdag 22. mai (dag)

  • Nedrigging: Søndag 26. mai

    📌 Arbeidet omfattar:

  • Montering av festivalgjerde, barar, serveringsområde, bord og benkar, telt og inngangsparti

Fordelar for riggarar

  • 🎟 Jobbar du både opprigging og nedrigging, får du gratis festivalpass for både fredag og laurdag!

  • 🎟 Jobbar du berre éin av dagane, får du gratis dagspass.

  • 🥗 God mat og drikke når du er på jobb

  • Tilgang til chill stemning i frivilligrommet når du har pause

  • 👕 Fjørarock crew t-skjorte

  • 🎉 Frivilligfest etter festivalen! (Merk deg datoen: fredag 30. mai)

  • 🤝 Fellesskap og nettverksbygging med andre kule frivillige

📝 Referanse / attest for godt arbeid sendast ut etter festivalen

📝 Viktig informasjon

  • Alle frivillige må vere edru under heile arbeidsperioden.

  • Aldersgrense: 18 år.

  • Godt humør og serviceinnstilling set vi stor pris på – du er festivalen sitt ansikt utad!

Betalte oppdrag for lag og organisasjonar

Er du del av eit idrettslag, russegruppe eller ei anna frivillig organisasjon som ønskjer å tene pengar til felleskassa? Vi tilbyr betalte oppdrag for grupper som kan stille med folk til ulike oppgåver under festivalen.

💰 Oppdrag og oppgjer:

  • Laget/gruppa får betalt per vakt som blir utført.

Oppgåvene kan vere bar- og serveringsarbeid, rydding eller andre festivaloppgåver.


📩 Ta kontakt for meir informasjon og avtale: Send ein e-post til hei@fjorarock.no

🎸 Vil du bli med på laget?

Meld deg som frivillig ved å fylle ut skjemaet nedanfor. Vi gler oss til å ha deg med på Fjørarock 2025!