Fjørarock:UNG

FJØRAROCK har som mål om å vera meir enn berre ei enkelt festivalhelg i året. Difor har me lansert konseptet FJØRAROCK:UNG med fleire underkonsept.

FJØRAROCK:UNG

“Fjørarock heile året” - unge og lovande musikarar manglar scener - me vil bidra!

Mål om fleire små og store konsertar/kulturarrangement i Sogndal i 2025. Artistar fortrinnsvis i UKM-alder. Artist får eit lite honorar på kroner 1.000 for opptrede

Prosjektet har motteke anonym pengegåve frå privatperson og har Digital Etikett som partnar.

Ønskjer du spele på Fjørarock:UNG-arrangement eller få besøk av oss? Send oss mail på hei@fjorarock.no.

FJØRAROCK:BANDSTAND

  • Etikett-scena i teltet på Fjørarock blir scene for BANDSTAND på dagtid før hovudkonsertane tek til.

  • Fjørarock kan difor gi moglegheit til fleire band å få prøve seg på ei scene føre eit publikum.

  • Søknad om å spela sendast hei@fjorarock.no.

  • Digital Etikett er Bandstand-partnar

Barnehagerock

Saman med Sogndal kommune inviterer me til ein minifestival for alle skulestartarar i barnehagen. Totalt 150 seksåringa kjem til Sentrumsparken fredag 23. mai for å oppleva:

  • Vitenshow med VIteMeir

  • Bjørnis og venen hans frå ViteMeir; Sophus

  • BlimE!-sang og dans

Takk til kommunen som finansierer transport og innhald, Sogndal Handel og Service for kostnadsdekning på teknikk, Sogn Brann og Redning, ViteMeir og Sogn kulturskule for samarbeid og innhaldsutforming!

Nyfiken? Kontakt din barnehage som har fått informasjon og koordinerer besøket. Merk at dette gjeld borna som skal starta på skule i Sogndal kommune til hausten.

FJØRAROCK:FAMILIEDAG

Kvartt år inviterer me til gratis familiekonsert i Sentrumsparken laurdag føremiddag under Fjørarock-festivalen. Dette gir oss anledning til å skape ein hyggeleg dag med musikk og kultur for alle, aunsett bakgrunn og økonomi.

Målet er å gi unge artistar, frå :UNG-konseptet og/eller UKM sjansen til å dele scene med artistar av nasjonal karakter. Programmet for årets familiekonsert blir annonsert i løpet av mai.