FESTIVALTEAM
FJØRAROCK går inn i sitt tredje år og for å lukkast med måla våre startar jobben med å setja festivalteamet for 2025 allereie no.
Her finn du ei enkel oversikt over kva frivillige stillingar me har ledig. Som del av festivalteamet får du vera med på å planleggja og gjennomføra festivalen. Me legg opp til gode vilkår og fordeler for deg som er med, og me er heilt sikre på at dette er noko fint å ha på CV-en.
Om du er interessert kan du senda ein kort søknad til festivalsjef på erlend@fardallunde.no eller +47 464 28 741
Frivilligsjef
Alle frivillige sitt kontaktpunkt før, under og etter festivalen
Organisering av pausar, frivilligmat og frivilligområde
Syte for at festivalopplevinga blir kjekk for dei frivillige
Utarbeide kontraktar med alle frivillige grupper og privatpersonar
Barsjef
Skjenkestyrar
Varebestilling og dialog med leverandørar
Oppsett og logistikk av barar
Kontaktpunkt for alle eksterne leverandørar av mat
Vaktliste og bemanning
Alt kan lærast, men det er ein fordel med god erfaring frå bar, pub eller restaurant.
Kunnskapsprøve i alkohollova vert dekka om du ikkje har den frå før
Sikkerheitssjef
Kunnskap innan vakthold og sikkerheit frå tidlegare
Kontaktpunkt mellom festivalteam, Politiet og eksternt vaktselskap
Organisere frivillige vakter
Oppdatere ROS-analyser og andre viktige utfordringar
Setje rutinar for vakthold
Artistkontakt
Organisere artistvertar
Kontaktpunkt for management før, under og etter festivalen
Rigge backstage
Skape gode ambassadørar av alle artistar som spelar på FJØRAROCK
Transportsjef
Organisere all lokal og flyplasstransport for artistar
Vatkliste sjåførar
Hente ut og klargjere bilar for bruk og tilbakelevering
Områdesjef
Ansvarleg for opp- og nedrigging før og etter festivalen
Identifisiere best mogleg flyt på festivalområdet
Setje dekor og skapa hygge på området
God logistikkforståing og gode samarbeidsevner med dei andre stillingane.
I festivalteamet i dag finn du:
Festivalsjef Erlend Fardal Lunde
Teknisk sjef Tor Talle
Billett og inngang: Geir Inge Heggestad