Barnehagerock fredag 23. mai
Fjørarock og Sogndal kommune, saman med ei rekke samarbeidspartnarar, lanserer BARNEHAGEROCK!
Ein idé frå styrar i Stedje barnehage, Gunnhild Holen, har utvikla seg til eit nytt Fjørarock-konsept. Fredag 23. mai inviterer Fjørarock og Sogndal kommune til Barnehagerock for alle dei 150 skulestartarane (6-åringane) i kommunen.
Minifestivalen for barnehagane vil ha eit program ein ekte festival verdig med Bjørnis, vitenshow frå ViteMeir og Blime!-dans frå Sogn kulturskule.
- Dette skal bli utruleg moro, og det er kjempekjekt at kommunen har vore so positive til prosjektet. Me gler oss til å gi ungane eit minne for livet med ei flott avslutning på tids i barnehagen, seier festivalsjef Erlend Fardal Lunde.
I tillegg til Sogndal kommune er ViteMeir, Sogn kulturskule og Sogn Brann og Redning ein del av nysatsing som gir ein gratis minifestival.
Har du ein skulestartar i ein barnehage i Sogndal kommune vil invitasjon og informasjon koma frå barnehagen direkte.