AGTunnel blir generalsponsor 2025-2027

AGTunnel signerer tidenes største Fjørarock-avtale og blir generalsponsor for festivalen i tre år!

Tunnelspesialisten AGTunnel er ein nordisk tunnelentreprenør med spisskompetanse innan tunnelsikring. Selskapet vart starta av Are Oxholm i 2016 og er etablert i Sogndal kommune. AGTunnel er i sterk vekst og vil auke sin lokale synlegheit gjennom rolla som generalsponsor i Fjørarock.

- Ein fantastisk dag, seier festivalsjef Erlend Fardal Lunde

AGTunnel var med som ein av festivalen sine største partnarar også i 2024. Festivalsjef Fardal Lunde har saman med Are Oxholm og Lene Navarsete i AGTunnel gjennomført ein grundig prosess for å finna saman i eit langsiktig samarbeid.

- Me er stolte av å vera ein del av Sogndal, og ønskjer gjennom samarbeidsavtalar som denne med Fjørarock bidra fellesskapet. For oss er dette også naturleg ein fin arena å synleggjera oss på for nye og dyktige medarbeidarar i nærområdet, seier dagleg leiar i AGTunnel Are Oxholm.

Med AGTunnel på laget som generalsponsor får Fjørarock også vidareutviklia eit eige premium-område spesielt retta mot det lokale næringslivet.

Fjørarock ser fram til eit tett og godt samarbeid dei neste tre åra!

Forrige
Forrige

Toyota i tre år!

Neste
Neste

Digital Etikett blir hovudsponsor for 2025-2027