AGTunnel og Fjørorock for eit sterkare lokalsamfunn

AGTunnel støtter Fjørarock for eit sterkare lokalsamfunn i Sogndal

Fjørarock er ein årleg festival som bringer liv, musikk og glede til Sogndal. Som ein lokal aktør ønskjer me i AGTunnel AS å bidra til å gjera denne festivalen enda betre.

- Etter å ha flytta vår verksemd frå Austlandet til Sogndal, er me stolte av å vera ein del av Sogndal, seier dagleg leiar i AGTunnel Are Oxholm.

AGTunnel AS er i sterk vekst og ser etter lokale talentar som vil vera med på diera spennande reise.

- Me håpar at vår deltaking i Fjørarock kan styrka både festivalen og fellesskapet i Sogndal, samtidig som me tiltrekker oss dyktige medarbeiderar frå nærområdet. Saman kan me byggja ei lys framtid for både AGTunnel og Sogndal, avsluttar Oxholm

Fjørarock er særs takksame for at AGTunnel blir ein av våre største partnarar med eit bidrag på kroner 60.000 eksklusive mva.

Dette er eit fantastisk bidrag og eg gler meg til å få med AGTunnel på laget i 2024. Fjørarock går ei lys framtid i møte, seier festivalsjef Erlend Fardal Lunde

Det er berre 8 dagar att til Fjørarock, billettar kjøper du her!

Forrige
Forrige

Fjørarock blir eige selskap!

Neste
Neste

- Ein naturleg partnar